velkommen * dikt * sanger * tekster * bilder * blogg * om Leikny * e-post --------------
Forside » Arkiv » April 2008 » Eg er som du er....

[« Gunvors 60-årsfest] ["Aner ikke hvor jeg skal - »]

Eg er som du er....

23.04.2008

Eg er i nynorskland. Hin dagen trefte eg ein gamal kall. Då han skjøna at eg óg var frå ein fjellgard (sånn delvis, då), vart han glad. Han fortalde meg frå livet sitt på garden og i fjella, og såg at eg skjøna kva han snakka om. "Me er TO ekte menneske her på huset no!" sa han begeistra då me skildest.

Og eg skjøna igjen kor viktig det er å ha noko felles med den ein snakkar med. Til denne karen kunne eg seie det meste - og bli lytta til, trudd på.

Då han fekk vite at mannen min var frå Oslo, utbraut han spontant: "Han kan ikkje skjøna dette. Han KAN ikkje. Men eg og du kunne ha snakka i dagevis".

Ja, ja. Det er nok så at mannen min er meir urban enn eg. Men han er no blitt ganske god til å bu på forstads-Askøy etter kvart. Lenger ut på landet spørst det vel om vi kjem? Får håpe at eg i staden kan snakke med byfolk, då......
Det er eg forresten ikkje særleg god til - eg merkar kor mykje betre eg trivst nord i landet, og her i vestlandsbygdene, enn i Oslo, USA, Bergen - til og med på Askøy, mi eiga øy.

Det er noko så sunt og friskt og heimevenleg hjå folk, her langt unna designmetropola. Eg kjenner meg nærast normal i fjellskoa mine.

Og vender heilt naturleg attende til nynorsken....




Leiknys blogg

Bloggens forside
Bloggarkivet
Askøy Misjonsmenighet
Norges kristne nettportal
Bibelen
Norske ordbøker
Google Translate



Rediger bloggen

Powered By Greymatter