velkommen * dikt * sanger * tekster * bilder * blogg * om Leikny * e-post --------------
Forside » Arkiv » August 2008 » Gjerde-idé

[« Salt] [Gi til den som ber »]

Gjerde-idé

06.08.2008

På sykkeltur i går vart eg så betatt av dette nydelege gjerdet:
Gjerde--kjetting (76k image)
Vakkert kvitmåla ekte kjetting. Dette må eg vise til nokon med avgrensings-behov! Vil målinga halde i norsk ver, forresten? Kor lenge? Og oppsettingsmåten til stolpane; støypte fast i grunnen, er vel i alle fall ubrukande heime?

Det er jo slik at viss det er noko som bergtek ein utover det vanlege, så kan det hende at det er noko "djupt der inne" som kjenner seg rørt av saka óg - utan at ein heilt skjønar kvifor.

Dette må undersøkast!

Kyr kan haldast på plass av slikt gjerde, trur eg. Ikkje hestar og ungar og fuglar, viss dei ikkje vil. Og kjetting er kjetting uansett, det er solida saker ein ikkje kjem så lett ut av om ein er bunden av ei, uansett kor fint måla ho er.

Eg likar ikkje kvite lenker, som ku. Men som fugl ser eg berre kor vakkert det er, og kor dei syns dei eig, dei som bur her, og dessutan er eg velkomen inn.

Sjå kor kvitt og reint, grønt og saftig, gult og glad, brunt og djupt - og sjå kor velstelt, solid, harmonisk, ugrasfritt og ope her er! Tenk at noko kan vere både solid og ope samtidig....

Og så er det så riktig overgang frå enkelt steinbed langs kantane, til overdådig blomsterbed kring stolpane i innkøyrslasmile


[1 kommentar]

kicpddxsy skrev den 03.09.2009:

Aj1KHK zvdoysyxbtzj, [url=http://wfnihgjkghmo.com/]wfnihgjkghmo[/url], [link=http://awfpvldywaag.com/]awfpvldywaag[/link], http://kcinzdglcjea.com/



Leiknys blogg

Bloggens forside
Bloggarkivet
Askøy Misjonsmenighet
Norges kristne nettportal
Bibelen
Norske ordbøker
Google Translate



Rediger bloggen

Powered By Greymatter