velkommen * dikt * sanger * tekster * bilder * blogg * om Leikny * e-post --------------
Om diktene
Soleier
Skogsmenneske
Stillhet
Bøn for nordmenn
Min Jesus
Nyfødd
Tenk om (1)
Tenk om (2)
Livet
Strekk deg
OL 2002
Dikt til de unge
Til Aashild 60 år
Perlene
Sang til bestefar
Ømme tær
Sigrar

Sigrar

Ét meg! ropa det frå kjøkenbenken - der låg noko etandes Men eg, som høyrer godt, gjekk roleg vidare, det rykte berre litt i høgrearmen då eg gjekk forbi, gjekk inn på kontoret og jobba til middagstid --- Hei du! smila flammen frå ungdomen, han tok meg i handa og synst det var triveleg i måneskinet Men eg visste kor veik eg var, styrte skritta mot stranda, hoppa i havet la på svøm og vart avkjølt --- Au! Au, au! gaula det i bringa, eg trur det var skammen som trefte meg, mismotet som stramma til, alt det trasige som hogg meg i hjartet og ville ha meg ned att i holet Men eg tok lua på, for det blæs kaldt der ute - og vindttett jakke, fjellsko og snyteklut - sleit meg krumbøygd til butikken, kjøpte det eg trong, møtte folket der, dei helsa forunderleg venlege; eg nikka attende - fekk medvind heimatt og ferske fiskekakar til kvelds


(Ann Arbor, Michigan, 1. februar 2008)