velkommen * dikt * sanger * tekster * bilder * blogg * om Leikny * e-post --------------
Om tekstene
Jesus
Hva er "en kristen"?
Å være kristen

Oksehistorie
Hønsehistorie
Vestlendingen i fare
Press

PRESS -- sett av ein passasjer

Bilen rasa av stad langs den smale, humpete vegen. Den store Ford Transiten var brei som ei låvedør og skrangla verre, han var gammal og sliten, men ny for sjåføren, som ikkje rett hadde grepet på han endå.
- Ikkje køyr så fort! Ro deg! Ja, eg betalar ikkje fartsbota for deg! høyrdest frå ho ved sida av, om att og om att. - Sett ned farta!
Men han ansa henne ikkje. Han stira berre beint fram, nistirde på vegen og gauv på, endå han var ein kristen sindig kar til dagleg.

Han låg verkeleg over fartsgrensa. Kan hende ikkje så mykje som ho trudde, men heilt forsvarleg var det no ikkje.
Dei krangla om det då dei nådde ferjekaien og sto venta på avgang.
- Det kom bilar bak! forklara han.

Og eg tenkte, at presset bakfrå var større enn både sidepresset, lov-og-rett-presset og forstandspresset til saman.


Lyset på dashbordet virka ikkje.
Han visste ikkje kor mykje bensin der var på tanken -- men han visste han laut sjekka det. Ei indre stemme kviskra -- og han skjøna at det var vit i framlegget. Han visste jo verkeleg ikkje. Og langt var det att før dei var heime.

Han køyrde inn til sida, inn på ein bensinstasjon, prøvde finna skrålys inn til dashbordet. Ikkje så lett det!
Ho ved sida kjefta. Eg vil heim! Køyr!
Han køyrde to meter til, bortunder ei ny lyskjelde. Men strålen rekte ikkje inn.
- Du kan ikkje fara å tulla meir no. Eg er trøytt! Køyr!

Dagen hadde vore lang. Han svinga ut på vegen att. Køyrde til hi sida av bygda, der var endå ein bensinstasjon. Så sakka han farta, svinga inn.
Ho vart irritert. - Du kan ikkje halda på slik! Eg vil heim! Eg har mist tålmodet! kjefta ho. - Ja, det kan ikkje eg hjelpa for!
Svara han.
Han prøvde sjå bensinmålaren her og, men ga raskt opp, hoppa heller ut av bilen, fòr inn på stasjonen, kjøpte ei lommelykt, kom attende, starta motoren -- og lyste.
Bensinmålaren flytta seg ikkje ein millimeter.

Bilen var heilt tom for bensin.
Han rygga og kava litt for å få bilen på plass attmed pumpa. Eg som passasjer var nervøs for at ho ved sida av skulle miste tålmodet att, men hugsar ikkje korleis det gjekk. Hugsar berre kor eg undra meg då ho slo fast at "me har hatt englevakt?" -- blid som ei lerke over bensinen som vart fylt på.
At ho ikkje sa unnskyld for kjeftinga? At ho ikkje rosa mannen og gav han rett, at ho ikkje skamma seg det aller minste over eigen uforstand?

Men nei!
Og han var like blid. Men han høyrde ikkje på henne då ho byrja mase om farten att. Denne gangen var vegen brei og bein.