Soleier
Gule, glade soleier
i eit soleiehav
Éin er så lik ein annan
Den tredje med. Og fjerdemann er også
slik:
Strålande solfarga, mjuke runde kronblad, hundre struttande støvberarar,
grøn og gul, gul og grøn med årer og teikningar
gjort av meisterhand
Så vakre dei er!
Eg tek dei alle, eg:
Men kven smelta hjartet mitt?
Det gjorde denne kvitflekka
istykkerrivne
ufullkomne
einslege skapnaden her -
angripen av fiendar. Herja,
skadd og merkt. Og likevel
nydeleg - som ingen andre
juni 2007