velkommen * dikt * sanger * tekster * bilder * blogg * om Leikny * e-post --------------
Om tekstene
Jesus
Hva er "en kristen"?
Å være kristen

Oksehistorie
Hønsehistorie
Vestlendingen i fare
Press

Vestlendingen i fare

Det som gjer ein vestlending til ein vestlending, er 2 ting: Den naturen han vandrar rundt i, og den kulturen/dei verdiane han får overført frå dei andre (eldre) vestlendingane som omgjev han.

Viss ein ikkje får vere ute, og ikkje får vere i kontakt med generasjonane og naboane, kjem ein til å få identiteten sin på anna vis, gjennom skjermsjåing, til dømes, og gjennom tilhøvet til det smale utvalet menneske ein trass alt møter.

Men då er ein ikkje Vestlending lenger.

Kvam kommune, som nett har vedteke nedlegging av 8 av 14 grendaskular, har her gjort eit solid arbeid. Dei syter for at den daglege gåturen til skulen i naturen og gjennom heimbygda forsvinn for mange born, ettersom bussing vert naudsynt. Slik vert banda både til fuglar og naboar og heimstad mindre.

Dessutan sørger dei gjennom slike storskulevedtak for, at hovudarenaen for borna vert den store "borneverda" på skulen, og ikkje heimstaden med sine ulike generasjonar og arbeidsplassar og stadeigne særtrekk. Verdiformidlinga frå ein generasjon til neste vert dermed dramatisk minka.

Når vi no drep Vestlendingen gjennom både nærbutikkdauding og skulenedlegging, kjem han ikkje att, i alle fall ikkje i den form vi kjenner han. Det som uroar, er kjensla av at erstatninga, den nye vestlendingen, ikkje har same gode kvalitet som originalen.


Florvåg 2.3.05
Leikny Strømme

Sendt BT 2.3.05