velkommen * dikt * sanger * tekster * bilder * blogg * om Leikny * e-post --------------
Om diktene
Soleier
Skogsmenneske
Stillhet
Bøn for nordmenn
Min Jesus
Nyfødd
Tenk om (1)
Tenk om (2)
Livet
Strekk deg
OL 2002
Dikt til de unge
Til Aashild 60 år
Perlene
Sang til bestefar
Ømme tær
Sigrar

Nyfødd

Eg trur eg såg noko Det var i augo til ein som før bruka leike seg Ikkje for at låtten var borte, men - eg veit ikkje kva han var - men der var noko djupt noko ope noko alvorleg noko interessert noko undrande noko prøvande, kan hende ottefullt men fast, fast som fjell som norske skura gråfjell har du sett runde berget i solskin om morgonen? Klaskar du neven i det, er det hardt og let seg ikkje rikka men det avviser ingen heller det berre er der og let deg trø -- Det ber deg! og slik er det om kvelden i torever, sludd, storm òg Eg tenkjer på blanke klinkekular med fargespel inn i - blått glas og plommeraudt liksom boblar fargane ut mot den runde glatte utsida, så mjuke og så harde samtidig, desse kulene - som born visste eg ikkje av noko vakrare - og eg trur dei vart til på botn av ei sprudlande, buldrande elv og i fossefalla nedetter Og der har dei lege Men no har dei stige opp, dei ligg og sym på overflata i augneholene til ein nyfødd far

(Til Harald min svoger på Else Maries dåpsdag, september 2004 - frå Leikny)